Ute av syne, men ikkje av sinn

Tekst: Atle Berge. Foto: Sara Berntsen

I slutten av mars 2010 las eg for første gang om Alexander L. Kielland, hotellplattforma som mista det eine beinet og tippa heilt rundt. Eg må innrømme at eg var ein smule sjokkert. Korleis kunne det ha seg at eg 24 år gammal aldri hadde høyrt om den største arbeidsulykka i Noreg etter krigen?

Granskingskommisjonen

Då eg begynte å snakke med folk om Kielland-havariet, oppdaga eg raskt eit generasjonsskilje. Venner og familie som var fødde på 80-talet eller seinare, visste stort sett ingenting om ulykka, medan dei litt eldre hugsa nøyaktig kor dei var då meldingane om den kantra plattforma kom. Så mykje meir enn at det var ein frykteleg katastrofe der svært mange omkom, var det likevel få som kunne fortelje noko om, uansett alder. Det var heller ingen som visste at mange etterlatne og overlevande ønskte seg ei ny gransking av ulykka.

Dei neste åra las eg alt eg kunne finne om havariet i det digitale arkivet til Nasjonalbiblioteket. I rapporten til den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen fann eg den offisielle forklaringa på kvifor Kielland hadde mista det eine beinet: Dårleg sveisearbeid ved det franske verftet.

Massiv mediedekning dei første åra

Dei første åra etter ulykka var fokuset på Kielland-ulykka stort: Både NRK og avisene serverte dramatiske forteljingar frå overlevande og etterlatne. Kartlegginga av årsaka til ulykka, samt den tre år lange prosessen med å få snudd riggen, fekk sjølvsagt også mykje merksemd. I tillegg til den daglege mediedekninga, kom det ut ei rekke sakprosabøker om havariet. Bøkene består stort sett av dramatiske vitneskildringar frå sjølve ulykka, men fleire stilte også kritiske spørsmål til arbeidet granskingskommisjonen hadde gjort (2).

I det store og heile er likevel hovudinntrykket at offentlegheita slo seg til ro med konklusjonen til granskingskommisjonen. To månader etter at Alexander L. Kielland var snudd i 1983, vedtok Stortinget å senke riggen på 700 meters djup. Med det var plattforma ute av syne og offentlegheita. Med unntak av ei bok om ein mogleg sabotasje mot Alexander Kielland gitt ut på eige forlag (3), vart det rimeleg stilt om havariet dei neste 30 åra.

Ubesvarte spørsmål

Mange overlevande og etterlatne hadde derimot framleis ubesvarte spørsmål. Dei ville mellom anna vite korleis ein sprekk i eit av staga hadde fått vekse utan at nokon oppdaga det, og kvifor granskingskommisjonen la så lite vekt på at plattforma ikkje var drifta etter driftshandboka. Eksplosjonsteorien levde som nemnd også vidare.

Då eg begynte å skrive Puslingar var det dette eg ville vise fram: Måten overlevande og etterlatne har blitt behandla på, og kjensla av at ikkje heile sanninga har komme fram. I boka lar eg tenåringsjenta Marita vere den største forkjemparen for å ta opp saka på nytt. Faren hennar Jonny var på plattforma då ho kantra, og i eit forsøk på å finne ut kva som hende med han, dukkar eit nytt spørsmål opp: Har heile sanninga om Kielland-ulykka komme fram?

Hadde alt å tene på at saka vart lagt død

Svara Marita finn, for ikkje å snakke om motstanden ho møter, kan vere med på å forklare kvifor eg ikkje hadde høyrt om Kielland-ulykka i 2010:

Historia om Kielland-plattforma er historia om ein ung bransje der god inntening er viktigare enn tryggleik (5). På land stod politikarar og ansvarlege styresmakter og delte ut dispensasjonar (6). Då ei storulykke til slutt hende, spelte dei overraska. Dei hadde ikkje høyrt eit pip om det brutale arbeidslivet i Nordsjøen der den som melde frå om manglande tryggleik, vart sende på land. Både regjeringa, Sjøfartsdirektoratet, Det Norske Veritas, eigaren Stavanger Drilling og operatøren Phillips Petrolium, hadde mykje å tene på at saka vart lagt død.

Marita opplever også at ingen av vitna vil snakke offentleg om det dei veit. Dei er naturlegvis redde for å miste jobbane sine eller henge ut kollegaer.

Etter det massive fokuset på Kielland-katastrofen i første delen av 80-åra, er det heller ikkje til å komme utanom at media og «folk flest» verkar å ha gått leie av saka. Eit anna moment er at snuinga av plattforma hadde vore ein lang og dyr prosess. Det fekk då vere grenser for kor mange ressursar felleskassa skulle bruke på saka!

Det er heller ikkje til komme utanom at oljeplattformane i Nordsjøen har vore ein ukjent arena for journalistar og andre landkrabbar. Kanskje ville det ha vore lettare for fleire å vere høglytt kritiske til granskinga dersom ei ulykke med tilsvarande omfang hadde funne stad på land?

Svikta av nasjonen

For venner og familie verkar Marita konspiratorisk, slik også dei som har jobba for ei ny gransking, har blitt skulda for å spreie konspirasjonsteoriar. Romanen min sluttar i sinne, ei kjensle av å føle seg svikta av ein heil nasjon, men kanskje får forteljinga ein slags lykkeleg slutt utanfor fiksjonen?

Hausten 2016 trykte Stavanger Aftenblad eit heilt bilag om havariet, og Marie Smith-Solbakken ved Universitetet i Stavanger oppsummerte forskinga si i boka «Alexander L. Kielland»-ulykken – hendelsene, etterspillet, hemmelighetene. I både artiklane i Aftenbladet og boka til Smith-Solbakken får vi intervju med vitne som bekreftar teoriar som tidlegare berre har vore presenterte som rykte og spekulasjonar på nettet og i oljearbeidarmiljøet.

Kva var det som var i ferd med å skje? Jo, dei som før var redde for å fortelje, fordi dei ville miste jobben om dei tysta, hadde blitt pensjonistar. Minst ei av kjeldene til Stavanger Aftenblad har også sagt at det har spelt inn at dei er sjuke, og ønsker å fortelje før det er for seint.

Det kollektive minnet

Tyngda til Universitetet i Stavanger, gravearbeidet til Stavanger Aftenblad, og sjølvsagt alle vitna som har stått fram med fullt namn, har gjort det umogleg å avvise dei nye opplysningane som konspirasjonsteoriar. Eit halvt år etter at statsminister Erna Solberg sa nei til å møte reperesentatar frå Kielland-nettverket (7), vedtok Stortinget sommaren 2019 at Riksrevisjonen skal gå gjennom granskingskomisjonen sitt arbeid på nytt.

Uavhengig av kva Riksrevisjonen konkluderer med, har den nye merksemda om Kielland-ulykka blitt eit eksempel på kvifor vi treng uavhengig journalistikk, og kvifor ikkje all forsking kan skje på oppdrag frå myndigheiter og private selskap. Kielland-havariet og etterspelet til havariet bør ha ein sentral plass i det kollektive minnet vårt, og eg håpar Puslingar kan vere med på å sikre at motstanden og tausheita ettelatne og overlavande møtte i fleire tiår frå og med slutten av 80-talet blir ein del av denne historia.

Referansar

1) Nou 1981:11 – «Alexander L. Kielland»-ulykken, s. 84

2) Sjå til dømes Bjørn Nilsen: Gjenferd i Nordsjøen – Kielland-ulykken i norsk oljepolitikk, J. W. Cappelens forlag, 1984.

3) Ole Østlund: Sabotasjen mot ‘Kielland, FALK-forlag, 1992.

4) Marie Smith-Solbakken (red.): «Alexander L. Kielland»-ulykken – Hendelsene, etterspillet, hemmelighetene, Hertevig Forlag 2016.

5) Sjå til dømes Stavanger Aftenblad, 24.08.2019

6) Sjå til dømes Stavanger Aftenblad, 23.09.2019.

7) Stavanger Aftenblad, 29.04.2019

Atle Berge. Foto: Sara Berntsen
Atle Berge. Foto: Sara Berntsen