Soloppgang

Tekst og foto: Ingrid Fiskaa, leier i Rogaland Sosialistiske Venstreparti, ingrid.fiskaa@gmail.com

Sola går ned for oljenæringa. Dei som har arbeid, inntekt og identitet knytt til «oljå» kjenner på det. Det er kjensla av usikkerheit og tap av status. Kontrasten er skarp til dei gode tidene, då olja betydde sikre jobbar og heltestatus. Og spora frå historia er ikkje oppløftande.

Sjå til Storbritannia. Der la Margaret Thatcher ikkje berre ned kolgruvene. Ho tok samtidig livet av fagrørsla, og dermed den sivilisasjonen som tillitsvalde og arbeidarar møysommeleg hadde bygd opp. Resultatet ser me i dag i den omfattande fattigdommen og håpløysa i den britiske periferien. Kva garantiar har me for at det ikkje blir slik hos oss?
Dei norske oljearbeidarane står i ein dobbel skvis: På den eine sida frå høgresida og arbeidsgivarane, som vil svekka det ordna arbeidslivet. På den andre sida frå miljørørsla og politiske parti som vil avvikla oljeindustrien raskare enn det ressurstilgang og etterspørsel uansett vil gjera. Kva veg oljearbeidarane vender seg vil avgjera mykje.
La det vera sagt: Klimaengasjementet har sine usympatiske utslag. Som den tiårige dottera som seier til far sin, oljearbeidaren, at ho ikkje vil snakka med han, fordi han øydelegg framtida hennar. Kor kom den tanken frå? Og overivrige miljøvernarar bruker sterke ord, som «svarte» arbeidsplassar, og at olja er noko me ikkje kan vera stolte av. Men det er nettopp det me kan.

For det første er dei dei mange oljerelaterte arbeidsplassane heilt sentrale for norsk økonomi, og endå meir enn oljeinntektene er det. Oljearbeidsplassane er høgproduktive og avanserte. Oljearbeidarane ber med seg ein umisteleg kompetanse. Skal ei grøn omstilling bli verkeleg, er det dagens olje- og industriarbeidarar som skal gjennomføra ho i praksis.

For det andre har olja ein organisasjonsgrad andre næringar kan sjå langt etter. Det norske oljeeventyret er ikkje eit eventyr fordi me fann olje; sjå berre til andre oljeland. Eventyret er resultatet av politisk styring saman med målretta arbeid for å fagorganisera og sørga for ordna arbeidsforhold.

Det var ikkje gitt, i ein bransje som elles er prega av ideala frå USA, og der «tariffavtale» ikkje var det mest opplagte ordet. Det er framleis ikkje gitt, for også på sokkelen er innleige av arbeidskraft og press på HMS eit aukande problem.

Ingen arbeidsplassar varer evig. Det er heller ikkje miljørørsla som har avvikla oljearbeidsplassar så langt. Det er det oljepriskrisa og mangelen på politisk styring som har gjort. Dei som vil la marknaden bestemma, er derfor ikkje spesielt truverdige i sitt påståtte forsvar for oljearbeidarane.

Men det er eit felles ansvar å finna dei arbeidsplassane som skal erstatta olje- og gassindustrien. Til det krevst det ei grad av samfunnsplanlegging og styring av ressursbruken som har vore uhøyrt i norsk næringspolitikk dei siste tiåra. Det me manglar er ikkje ein dato for avvikling, men vilje til politisk styring og endå meir konkrete planar for alternativa.

I det fellesskapet som skal utforma framtidas arbeidsplassar, må oljearbeidarane ha ein sjølvsagt plass. Dei er berarar av både fagkunnskap og ei stolt fagforeiningshistorie. Framtidas arbeidsplassar må ha betre forhold enn mange stader i dagens arbeidsliv. Då må malen vera dei beste tariffavtalane, som nettopp oljearbeidarane har kjempa fram.

Ein utrygg oljearbeidar kan fort bli ein farleg motstandar i klimakampen. Ein trygg oljearbeidar er ein konstruktiv medspelar. Sjølv om sola går ned for oljenæringa, skal sola framleis skina på oljearbeidaren.

Ingrid Fiskaa: Ikkje gjer som Margaret Thatcher.
Ingrid Fiskaa: Ikkje gjer som Margaret Thatcher.