Hvis eg var Noreg

Av Baste Daltveit, foto: Mette Møllerop.

Eg er redd. Livredd.  Dei skriv at det går til helvete. Grønt skifte. Me skal leve av sol, bølgar og forhåpningar.

Noreg kan samanliknast med en ein god fotballspelar på hell. Nett no kjem eg ikkje på nokre norske fotballspelare som har vore god, – og er på hell.

Men gode fotballspelarar på hell får ein viss medkjensle. Dei ynskjer å forlenge kontrakten, halde fram med det som dei likar. Det som dei kan og det som dei tjenar penger på. Akkurat slik som Noreg burde gjøre.

Hvis eg var Noreg ville eg sett på meg sjølv som ein god fotballspelar på hell.

Med ein slagkraftig høgrefot.

Ein høgrefot som er representert av eit Vestland med olje og gassinntekter så det monnar. Til heile familien.

Faktisk ein så god høgrefot at ein kan fora ein heil nasjon, med sjukeheimar, kontantstønad og pengar på bok.

Hvis eg var Noreg og skulle sett på meg sjølve som ein god fotballspelar på hell,-ville eg sett at det var litt tynt i toppen.

Samstundes ville prøvd å halde fram med det som eg var god på, – høgrebeinet mitt. Eg ville tynt det til ytterste.

Heilt nede i tåen skal det og skje noko.

I dette tilfellet det ein omtaler som Sørlandet. Akkurat nå verkar det som om dei e plaga med stein i skoen. Arbeidsplassar av høgrebeinsutstyr forsvinn fordi andre utanlandske  fotballspelarer på hell ikkje treng meir utstyr.

Ein kvar god fotballspelar, også dei på hell, treng ein god fot å stå på.

Ein venstrefot. For Noregs del det som me andre kallar Austlandet. Ein god venstrefot er ikkje å forakta. Spesielt ikkje om han står heilt i  ro når du skyt.

Men om ikkje venstrebeinet spring etter høgrefoten vert da ikkje fleire mål. Då blir det med det eine.

Då vert ein hengande med dei som aldri spelte på toppnivå. Som om eine foten står i ein myr som ein aldri kjem seg ut av, mens ein sig nedover i divisjonane.

Hvis eg var Noreg og såg på meg som ein god fotballspelar på hell,  ville eg tenkt på Nordland, Troms og Finnmark som hals og hovud.

Eg ville visst at på eit tidspunkt er eg nødt å nytte hovudet. Det finns tallvise eksemplar på gode norske fotballspelare på hell som har vert nødt til å nytte hovudet. Utan særlig hell.

Utan hovudet og virksomhet i toppen forvitrar ein, – sakte men sikkert. Dei et deg opp frå innsiden.

Eg trur at eg hadde vore villig til å tenka nytt. Tenke annleis. Slik ein snakkar til ungene sine som veks opp. Bruk hovudet seier me.

Ein kan ikkje fora ein heil nasjon med Omega3 produkt i form av torsketungar og fisk. Eller solenergi når det er mørkt halve året. Eller fora ein nasjon med forhåpninger.

Midt i mellom høgrefoten og hovudet ligg magekjenslen. Eller midt-Noreg. Der driv dei produksjon av glupe hovud. Som ikkje spelar fotball.  Til å spele fotball har dei egne folk. Stundom med suksess.

Til slutt vert dei gode fotballspelare på hell. Som må nytta hovudet.

Slik eg ville gjort det hvis eg var Noreg.

Denne tankevekkende kronikken ble holdt av Baste Daltveit under middagen på årsmøtet til SAFE i Statoil.
Denne tankevekkende kronikken ble holdt av Baste Daltveit under middagen på årsmøtet til SAFE i Statoil.
Baste Daltveit
Baste Daltveit